Ørsta
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1520 |
Fylke: | Møre og Romsdal |
Administrasjonssenter: | Ørsta |
Flatevidd: | 803 km² |
Folketal: | 10 257 (2006) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.orsta.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Hans Olav Myklebust (Frp) 2003–2007 |
Ørsta er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke med vel 10 000 innbyggjarar. Han grensar til Sykkylven og Stranda i aust, Hornindal i sør og Volda i sørvest. Nord for Vartdalfjorden i nord ligg kommunane Ulstein, Hareid og Sula.
Tettstaden og administrasjonssenteret i kommunen heiter òg Ørsta.
Kommunen har ein variert industri, særleg møbelindustri, tekoindustri, elektroteknisk og mekanisk industri. Naturen er storslått med dei kjende Sunnmørsalpane og mange fjordar. Kommunen husar òg ein stor havfiskarflåte og ei rekke fiskeforedlingsanlegg. Av kulturelle attraksjonar må særleg nemnast Ivar Aasen-tunet, som vart opna i 2000.
[endre] Kjende ørstingar
- Ivar Aasen, (1813–1896), språkforskar, målmann og diktar.
- Anders Hovden, (1860–1943), diktarprest og målmann.
- Peter Kjeldseth Moe, (1909–1973), arbeidarpolitikar, stortingsrepresentant og sakførar.
- Runar Gudnason, filmskapar, vokalist og frontfigur i hiphopgruppa Side Brok.
- Marie Takvam, (1926– ), forfattar og skodespelar.
- Olav Strømme (1909–1978), målar.
- Bjarte Engeset, dirigent.
- Side Brok, hiphopmusikarar.
- Egil Olsen, musikar i einmannsbandet Uncle's Institution.
[endre] På verdsveven
|