Blåskjel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blåskjel |
||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Blåskjel frå sida, frå undersida og ope med overskore lukkemuskel |
||||||||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||||||||
|
||||||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||||||
Mytilus edulis Linné |
Blåskjel (latin Mytilus edulis) ein muslingart i blåskjelfamilien. Han finst i salt- og brakkvann i Atlanterhavet og Austersjøen. I Middelhavet finn ein den nærskylde Mytilus galloprovincialis. Skalet er frå blått til brunsvart på utsida, ljoseblått og kvitt på innsida. Skalet er opp til ti cm langt. Skala blir haldne saman av ein lukkemuskel. Skjelet pustar med gjellar. Skjela legg 5 - 12 millionar egg. Desse utveklar seg til larvar som driv i sjøen ein månads tid før dei festar seg på fast underlag som stein og anna ved hjelp av byssustrådar. Skjela lev i koloniar eller klyngar. Dei trivst best i oksygenrikt vatn, t.d. i tidevatnsonen. Dei har vaksen storleik etter eit til to år.
Blåskjel lev av plankton dei filtrerar ut av sjøvatnet. Blåskjel er byttedyr for sjøstjerner, kvalross og einskilde fugle- og fiskeslag.
Blåskjel blir nytta som menneskemat. Under oppblomstring av særskilde algar kan skjela bli giftige.
[endre] Dyrking
Dyrking av blåskjel tok til i Frankrike på 1300-talet. I Noreg blir det dyrka blåskjel på sør- og vestlandet. Det var om lag 600 opprettsstader rundt om i landet i 2003. I 2002 blei det produsert 2 500 tonn blåskjel. Den totale marknaden i Europa er på om lag 100 000 tonn.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Blåskjelvarsling på Matportalen
- Bedre kunnskap om giftige blåskjell på forskning.no
- Blåskjell på www.godfisk.no