Canberra
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Canberra er hovudstaden i Australia. Byen har om lag 320 000 innbyggjarar (2005) og er den sjuande største i landet. Han ligg i det føderale området Australian Capital Territory (ACT), midt mellom storbyane Sydney og Melbourne.
Canberra blei grunnlagd ved byrjinga av 1900-talet, då Australia blei samla til eitt land. Han er den einaste større byen i landet som ikkje ligg ved kysten, og har difor hatt mindre industri- og handelsutvikling enn andre byar.
Innhaldsliste |
[endre] Kommunikasjon
Byen har ein internasjonal flyplass, Canberra International Airport.
[endre] Ambassadar
Utanlandske ambassadar i Australia ligg hovudsakleg i Cabverraforstadene Yarralumla, Deakin og O'Malley. Ambassadeområdet i Yarralumla er ein turistattraksjon fordi mange av bygga er laga i stilar frå landa dei representerer.
[endre] Universitet
Canberra har to universitet, Australian National University og Canberra University, to religiøse høgskolar og fleire militærhøgskular.
[endre] Kjelder
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |