Dekameter
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dekameter er ei SI-avleia eining for måling av avstand. Éin dekameter er lik 10 meter. Symbolet for dekameter er dam.
Denne eininga er i praksis sjeldan brukt.
Éin kvadratdekameter (1 dam²), som er eit mål på areal, er lik eitt ar, som er 100 m². Dekameter, som er eit mål på lengd, må ikkje forvekslast med dekar, som er eit mål på areal, lik 10 ar.
1 dekameter er lik:
- 10 meter
- 0,1 hektometer
- 0,01 kilometer
Og motsett:
- 1 meter = 0,1 dekameter
- 1 hektometer = 10 dekameter
- 1 kilometer = 100 dekameter
SI-systemet: Lengd | |
---|---|
yoctometer << zeptometer << attometer << femtometer << pikometer << nanometer << mikrometer << millimeter << centimeter << desimeter << meter << dekameter << hektometer << kilometer << megameter << gigameter << terameter << petameter << exameter << zettameter << yottameter |