Den finske dialektkrigen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den finske dialektkrigen (fi. murteiden sota) er namnet på ein diskusjon om korleis det finske skriftspråket skulle sjå ut. Den finske dialektkrigen varte i perioden(1820-1840), mest intenst i starten og slutten av perioden.
Bakgrunnen for dialektkrigen var at det finske skriftspråket var meir representativt for dei vestfinske enn dei austfinske dialektane, og at det hadde relativt mykje innverknad frå svensk, samanlikna med dei austlege dialektane. Med den nye politiske situasjonen etter 1809, då Finland ikkje lenger var ein del av Sverige, men ein del av Russland, gjorde det naudsynt å lage ein ny finsk identitet.
[endre] Litteratur
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |