Det hev ei rose sprunge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Det hev ei rose sprunge» er det norske namnet på den folkelege tyske julesongen «Es ist ein Ros entsprungen» frå kring 1587. Tonen er opphavleg ei tysk vise frå 1400-talet, som vart arrangert av Michael Prätorius i 1609.
Den omsetjinga som er oftast nytta i Noreg vart gjort av Peter Hognestad i 1919 og 1921. Hognestad omsette dei to fyrste versa av teksten frå 1587, og eitt vers av ein annan tekst, skriven av Friedrich Layriz frå 1844. I Norsk Salmebok står Det hev ei rose sprunge på nummer 38.
Nynorskversjonen av songen er mest brukt i Noreg. På bokmål heiter han «En rose er utsprunget». Det engelske namnet er «Lo, how a rose e’er blooming».