Devi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hinduismen |
Gudar |
Trimurtien: Brahma | Visjnu | Sjiva |
Devi (hindi og sanskrit देवी, Devī) tyder 'gudinne' og blir brukt innan hinduismen for å visa til ulike kvinnelege gudeformer, særleg når dei blir tilbedne åleine. Ho kan sjåast på som ei morgudinne, ettersom Devi ofte blir tilbeden som ei mor.
Den maskuline utgåva av ordet er Deva. Andre nemningar på Devi er Mahadevi ('store gudinne'), Mahimata ('moder jord'), Jai Mata Di ('heilage mor') og Mata Rani ('moderdronning').
[endre] Devi som hovudguddom
Gudinna er særleg viktig innan sjaktismen, der ho blir sett på som hovudmanifestasjonen av det guddommelege. Det finst fleire tekstar der ho blir opphøgd til skapar og øydeleggjar av universet, medan dei mannlege gudane står under henne i makt og heilagdom. Puranaen Devi Bhagavata inneheld til dømes atten tusen hymne til eller om gudinna.
[endre] Former av Devi
Alle dei personleggjorte gudinnenen innan hinduismen kan reknast som former av Devi. Dei opptrer med ulike former som kan delast inn i kategoriar:
- Den fryktelege mora. Durga, Kali, Tsjamunda, Bhavani og Bhutamata er ulike former av Devi som ei krigargudinne som drep monster ingen andre gudar kan få bukt med. Amman, Ammavaru og Mariamman er sørindiske døme på liknande modergudinner. I nokre tilfelle opptrer Uma eller Parvati, kona til Sjiva, også som ei slik gudinne.
- Den milde kona eller mora. Inkarnasjonar av Laksjmi, som er kona til Visjnu, Sarasvati, kona til Brahma, og i mange tilfelle Parvati er ofte meir vennlege utgåver av ei kone eller mor. Dei signer med velferd, grøde og liv heller enn å opptre skremmande.
[endre] Devi som namn
Devi er eit vanleg kvinnenamn for hinduar, og finst i eit utal samansetjingar, som Sridevi, Lakshmidevi, og mannsnamnet Deviprasad. Rabri Devi er namnet på den mangeårige sjefsministeren i Bihar. Phoolan Devi var ei vidkjend «bandittdronning» som gjekk inn i politikken.