Dronte
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dronten (Rálphus cucullátus) er ein utdøydd fugleart av drontefamilien. Fuglane kunne vega innpå 20-25 kg. Arten levde berre på øya Mauritius. Den siste av denne arten vart drepen i 1681.
Drontane var store fuglar som ikkje kunne flyge. Drontene var ein del av Columbiformes, duefuglane, men hadde elles ikkje serlege likskapar med duer av i dag. Dei var helst klumpete å sjå til og vanta venger. Såleis vart dei hjelpelause i møte med menneske, då dei kunne fangast med berre nevane. Sidan kjøtet på dronten visstnok var godt på smak, vart dei alle fanga av europearane.