Eirik II av Noreg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konge av Noreg | 1280–1299 |
Føregjengar | Magnus Lagabøte |
Etterfylgjar | Håkon Magnusson |
Fødd | 1268 |
Død | 15. juli 1299 |
Gift med | 1: Margaret av Skottland 2: Isobel Bruce |
Barn | Margrete |
Gravlagd | |
' |
Eirik II Magnusson (1268–1299) var konge av Noreg i tidsromet 1280–1299.
Eirik var eldste son av Magnus Lagabøte. Eit fall frå hesteryggen gav honom moglegvis heilskade (hjerneskade). Sidan han berre var barnet då han vart konge, vart styret ført av eit formyndarstyre. Han kom i konflikt med kyrkja og fekk tilnamnet Prestehatar.
Han var først gift med Margaret av Skottland, dotter av kong Alexander III. Dei fekk dottera Margrete, som blei dronning av Skottland i 1286, berre tre år gammal. Etter at kona hans døde i barselseng i 1283 gifta Eirik seg seinare med Isobel Bruce, søster av Robert I av Skottland.
Ettersom han døydde sønelaus blei Eirik Magnusson etterfølgd av bror sin, Håkon V.
Føregjengar: Magnus Lagabøte |
Konge av Noreg |
Etterfylgjar: Håkon Magnusson |