Eystein Eggen (1886 -1973)
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eystein Eggen (1886–1973) var ein norsk forfattar, lokalhistorikar, journalist og handelsmann. Han var far til lyrikaren Arnljot Eggen, og farfar til forfattaren Eystein Eggen (1944-).
Eggen vaks opp i bondebygda Vingelen i Nord-Østerdal i Hedmark fylke. Han byrja som bladmann på Røros i 1907, vart sju år etter styrar av forbruksforeininga i heimbygda. I 1931 vart han handelsmann i sosialistiske Ålen i Sør-Trøndelag fylke. I 1946 flytta han attende til Vingelen. Spenningane mellom den sosialistiske og den borgarlege luten av rørosregionen prega heile tida skrivinga hans. Han var bygdearistokrat og drosjesjåfør, antikapitalist og handelsmann, nasjonalist og antifascist. Fyrst og fremst var han lyrikar. Frå han som ung gut byrja i bladet Fjell-Ljom skreiv han ei ufatteleg mengd dikt og artiklar. Mange av dei er reportasjeperler av eit slag som ikkje lenger finst. Dei høyrde heime i det gamle Noregs Ungdomslag, der Eggen var verksam til inn i alderdomen. Olsok 1929 fekk han som leiar i ungdomslaget "Nybrott" reist bauta over Vingelen gamle stavkyrkje. Han leia sjølv stemnet og las eigne dikt.
Det mest verdfulle ved Eggens bygdebøker er dei kjappe skildringane av sjølvrøynde hendingar, folk og miljø, så nært knytte opp til poesien sin presise rytme."Kva er det som kavar, kva er det som kling bak rimkvite bjørker i bratta?" heiter det om myndige prosten i Tolga på veg til gudsteneste i Vingelen. Eggens skildringar, på vers og på prosa, er augnevitnemål om folk som ikkje lenger er. Sjølv om Eggen sat aldri så flittig i arkiva; nokon granskar i vanleg forstand vart han aldri. Han laga reportasje, frå notid og fortid, førebiletet hans var Ivar Kleiven i Vågå.
"Dette er kjærleik i ville fjellet", slog Eggen i 1913 fast om gjenombrotsboka Eli Sjursdotter av journalistvenen Johan Falkberget. Anders Reitan hadde kome med hard kritikk av av det historiske grunnlaget for boka. Ordskiftet vart kalla "Eli-feiden". Den hugsa folk så lenge Eggen levde. Falkberget gløymde det heller aldri. Då venen i 1945 fekk ymse vanskar grunna andre verdskrigen, trådte Falkberget djervt til. I standarverket om motstandsrørsla i Hedemark stend Eggen som innskrive medlem i NS. Det er truleg ei overdriving. Rettare er det truleg å seie med historikaren Magne Skodvin: Sjølv om ein samla alle dei politiske ismane i heile verda, ville ein ikkje evla å heimfeste Eggen til ein av dei. Det siste Fjell-Ljoms gamle stjernereportar skreiv, var setninga "Eystein skal og ha". Han krafsa setninga ned på testamentet sitt. Namnen og sonesonen følgde i fotefara hans. Den gamle skrivestua hans, Eggenstua, stend i dag på Vingelen bygde- og kyrkjemuseum. Stua vert nytta til kulturelle samkome, er samtundes minne om ein mann som gjenom to mannsaldrar var heimegrendas fremste sosialpolitiske barometer.
[endre] Verk
- 1911: Løv og lyng diktsamling
- 1915: Heimen diktsamling
- 1927: Eit ettermæle, minneskrift
- 1933: Helgeleite diktsamling
- 1943: Vingelen : sogeminner frå heimbygda
- 1950: Bardu, bygdebok
- 1957: Tylldalen - Brydalen bygdebok
- 1968: Tolga, bygdebok
[endre] Litteratur
- Arnljot Eggen: Eystein Eggen og skriftkulturen i fjellregionen, Oslo 1996 Det Norske Samlaget ISBN 82-521-4757-7
- Jon Vegard Lunde: Heimefronten på Hedemarken, fyrste bandet, 1998.