Glomma
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Glomma eller Glåma er Noregs lengste elv, ca. 600 km lang. Elva renn ut frå Aursunden som ligg nordaust for Røros og munner ut i Oslofjorden ved Fredrikstad. Glomma er hovudelv i vassdraget med same navn, som har eit totalt areal på 42 441 km2 (422 km2 ligg i Sverige).
Ved Sarpsborg ligg Sarpefossen.
I mai-juni 1995 vart Glomma ramma av den største flommen på over 100 år. Flommen fekk namnet Vesleofsen, ettersom stort sett berre flommerka frå Storofsen i 1789 framleis var synlege over vassflata.
Glomma har vorte smitta av krepsepest, og bestanden av edelkreps har ikkje teke seg opp at til tross for det langvarige forbodet mot krepsing.