Honning
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Honning er eit seigt, sukkerhaldig stoff som blir framstilla av bier og humler. Desse insekta sankar søte safter (nektar og honningdogg) dei samlar frå levande plantar og sidan omdannar og lagrar i kuben. Honning vert brukt i matlaging, i mjød, som pålegg og som naturmedisin. Det var lenge det einaste søtingsmiddelet brukt i Europa.
Frå gammalt av har honning vorte brukt som betalingsmiddel og som medisin. I dag er honningen oppskatta både for den søte smaken og enzyma (og andre bestanddelar) han inneheld.
[endre] Peikar ut
[endre] Kjelder
Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over matspirer. |