John Munroe Longyear
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Munroe Longyear vart fødd den 15. april 1850, og døydde i 1922. Han er mest kjend som grunnleggjar av Longyearbyen på Svalbard. I 1906 grunnla han Longyear city, men frå 1925 vart namnet Longyearbyen nytta. John Munroe Longyear var den største eigaren av Arctic Coal Company med hovudkontor i Boston i Sambandsstatane. Longyear kom til Svalbard i 1901, og kjøpte etter kvart opp rettane til Tronhjem Spitsbergen Kulkompani. Store Norske Spitsbergen Kulkompani vart starta som privat selskap i 1916, og same år kjøpte dei opp eigedomane til Longyear. Seinare kjøpte dei området ved Sveagruva frå eit svensk selskap og fleire andre område.