Katowice
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katowice (tysk Kattowitz) er ein industriby i Silesia i Polen, om lag 70 km. nordvest for Kraków. Den har 329 600 innbyggere (2004).
Den dåverande preussiske byen fekk byrettar i 1865, og tilhøyrde landkrinsen Beuthen i regjeringsdistriktet Oppeln. I 1873 vart den sete for den nye landkretsen Kattowitz og vart i 1899 ein eigen bykrins. Sjølv om fleirtalet i byen (85 %) røysta for å framleis vere tysk ved folkerøystinga 21. mars 1921 vart byen innlemma i Polen. Den vart igjen innlemma i Tyskland i 1939 og på nytt innlemma i Polen i 1945. Mesteparten av den tyske folkesetnaden vart då brutalt fordrive. Mellom 1953 og 1956 vart byen kalla Stalinogród («Stalinbyen»).
Byen har etter Opole (Oppeln) den største tyske minoriteten i dagens Polen.
[endre] Personar
- Willy Fritsch (*1901), tysk skodespelar
- Georg Thomalla (*1915), tysk skodespelar
- Hanna Schygulla (*1943), tysk skodespelar
- Henryk M. Broder (*1946), polsk journalist
- Dariusz Wosz (*1969), polsk fotballspelar
- Maria Goeppert-Mayer, tysk fysikar og Nobelprisvinnar