Knirkestemme
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knirkestemme eller laryngalisering er ein form for fonasjon (måte å bruke stemmebanda på) der pyramidebruskane i strupehovudet blir drege tettere sammen enn normalt og stemmeleppene blir stramma ekstra opp. Det gjer at gjennomstrømminga av luft blir lågare og vibrasjonsfrekvensen går ned til omkring 20–50 Hertz (pulser per sekund). Samtidig blir trykket under strupehovidet høgare, slik at energien i kvar stemmeleppeopning er høgare enn normalt. Resultatet blir ein «knirkande», sagliknande lyd.
Knirkestemme kan brukast ekstralingvistisk, for eksempel for å signalisere at ein er trøtt og sliten, eller det kan ha ein tydingsskiljande funksjon.
[endre] Kjelde
- Engelsk- og bokmålswikipedia
[endre] Sjå også
- Luftfylt stemme