Mjøsa
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mjøsa er ein innsjø som ligg i fylka Akershus, Oppland og Hedmark og strekkjer seg frå Lillehammer i nord til Minnesund i sør. Ein strekning på rundt 120 kilometer. Mjøsa er 15 kilometer på sitt breiaste mellom Hamar og Totenvika. Namnet kjem truleg av norrønt «Miors» eller det eldre «Merso» som tyder noko som «Den glitrande» eller «Den skinnande».
Mjøsa er Noregs største innsjø med et areal på 365 kvadratkilometer og ligg 123 meter over havet. Den største offisielle målte djupna er 468 meter, målt utanfor Skreifjella på Toten. Fleire uoffisielle målingar med ekkolodd har vist djup på 575 meter utenfor Stangelandet. Av norske innsjøar er berre Hornindalsvatnet (514 meter) i Sogn og Fjordane og Salsvatnet (482 meter) i Nord-Trøndelag djupare.
Innhaldsliste |
[endre] Samferdsel
Det var tidlegare eit ferjesamband over Mjøsa mellom Biri og Moelven. Det vart erstatta av Mjøsbrua i 1985. Mjøsbrua er 1421 meter lang.