Norman Thomas
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norman M. Thomas (20. november 1884 – 9. desember 1968) var ein leiande amerikansk sosialist, pasifist, og presidentkandidat for Det amerikanske sosialistpartiet seks gonger.
Thomas var son av ein protestantisk prest i Marion, Ohio. Han gjekk ut Princeton-universitetet i 1905, og tok så eit teologisk seminar, der han blei sosialist. Han var ferdig utdanna som prest i 1911, og arbeidde i East Harlem i New York.
Thomas gjekk imot USA si deltaking i første verdskrigen. Etter krigen var han ein av grunnleggjarane av American Civil Liberties Union ACLU. Han stilte som sosialistisk kandidat ved guvernørvalet i New York i 1924. Etter at Eugene Debs døydde i 1926 blei han sosialistpartiet sitt fremste ansikt utetter, og presidentkandidat i 1928, 1932, 1936, 1940, 1944 og 1948.
Norman Thomas var ein artikulert og engasjerande talsperson for demokratisk sosialisme. Han klargjorde skilnaden mellom demokratisk sosialisme og tradisjonell kommunisme, som han tok skarpt avstand frå.