Orkla Media
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Orkla Media er den delen av Orkla-konsernet som er engasjert i drift av medieverksemder. Selskapet er eitt av dei tre verkeleg store medie-eigarane i Noreg (dei to andre er A-pressa og Schibsted).
Orkla Media eig mange verksemder innan dagspresse, vekepresse, elektronisk publisering, lokalradio/-fjernsyn og rein marknadsføring i mest heile Norden (Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Polen, Litauen og Ukraina).
Orkla gjorde si første investering i mediemarknaden då Orkla Industrier kjøpte ein aksjepost i Janco Kabel-TV i 1983. Det første aviskjøpet vart gjennomført året etter, då partiet Høgre selde ut sin eigen aksjepost på 40% i avisa Nordstrand Østre Aker Blad (I dag; Nordstrands Blad). Orkla kjøpte aksjeposten for fire millionar kroner.
Orkla Media har tradisjonelt sett kjøpt opp medieverksemder i Austlandsområdet.
Innhaldsliste |
[endre] Mecom
28. juni 2006 vart det gjort kjend at styret i Orkla Media ville selge konsernet til det britiske selskapet Mecom - til sterke protestar frå tillitsvelde i heile konsernet. Dei tilsette frykta at utanlandsk oppkjøp ville føre til kraftige innstrammingar og nedbygging av medieverksemdene i konsernet.
[endre] Aviser i Orkla Mediakonsernet:
(2006)
- Drammens Tidende
- Driva
- Eiker Avis
- Fjordenes Tidende
- Fjordingen
- Fredriksstad Blad
- Gjengangeren
- Gudbrandsdølen Dagningen
- Hamar Dagblad (gratisavis)
- Haugesunds Avis
- Indre Østfold Avis
- Kanalen
- Kragerø Blad Vestmar
- Lierposten
- Lokalavisen Frogner (gratisavis)
- Lokalavisen St. Hanshaugen (gratisavis)
- Lokalavisen Groruddalen (gratisavis)
- Laagendalsposten
- Moss Avis
- Nordre Aker Budstikke (gratisavis)
- Nordstrands Blad (gratisavis)
- Ringsaker Blad
- Romsdals Budstikke
- Røyken og Hurums Avis
- Sandefjords Blad
- Sande Avis
- SarpsborgAvisa (gratisavis)
- Sunnmøringen
- Sunnmørsposten
- Svelviksposten
- Telen
- Tønsbergs Blad
- Ullern Avis/Akersposten (gratisavis)
- Varden
- Vikebladet Vestposten
- Østkantavisa (gratisavis)
- Østlandets Blad
- Østlendingen
- Åndalsnes Avis
[endre] Aviser Orkla Media har egardelar i:
- Budstikka (31,5 %)
[endre] Bakgrunnsstoff
- Orkla Media: {{{tittel}}} (Offisiell nettstad)
- N24.no: - Selger ikke ut (11. mai 2005)
- Dagbladet.no: Orkla Media selges til Mecom (28. juni 2006)