Saturnmånen Atlas
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oppdaging | |
---|---|
Oppdagar | R. Terrile |
Oppdaga dato | 1980 |
Baneparametrar | |
Middelradius | 137 670 km |
Eksentrisitet | 0,000 |
Omløpsperiode | 0,6019 døgn |
Banehelling | 0,3° |
Er ein satellitt til | Saturn |
Fysiske eigenskapar | |
Middeldiameter | 18,5 · 17,2 · 13,5 km |
Overflateareal | ukjend |
Masse | 1·1016 kg |
Middeltettleik | 0,63 g/cm3 |
Overflategravitasjon | ukjend |
Unnsleppingsfart | ukjend |
Rotasjonsperiode | 0,6019 døgn |
Aksehelling | 0° |
Albedo | |
Overflatetemp. | ukjend |
Atmosfærisk trykk | 0 kPa |
Atlas er ein av månane til planeten Saturn: Han blei oppdaga den 12. november 1980 ved hjelp av bilde frå Voyager-programmet, og like etter oppdaginga fikk han det midlertidige namnet 1980 S 28. I 1983 vedtok Den internasjonale astronomiske unionen å oppkalle månen etter guden Atlas frå den greske mytologien. I tillegg blir au namnet Saturn XV nytta.
Atlas ser ut til å vera ein gjetermåne for A-ringen i systemet av planetringar rundt Saturn. Dessutan har ein i 2004 oppdaga ein ganske svak ring innanfor omløpsbanen til Atlas; denne ringen har fått det midlertidige namnet R/2004 S 1.
Nærbilde av Atlas, tatt av romsonden Cassini, viser Atlas med ein kraftig utvekst langs ekvator på månen.