Sunndaling
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Denne artikkelen handlar om dialekten i Sunndalen. For personar frå Sunndalen, sjå sunndalingar.
Sunndal er ein kommune på indre Nordmøre, først og fremst kjend for det store aluminiumsverket i kommunesenteret, tettstaden Sunndalsøra.
Sunndal kommune består av fleire delar, sjølve Sunndalen frå tettstaden og opp til Oppdal, Litledalen som au endar i tettstaden ved fjorden, Øksendalen og Jordalsgrenda vestafor og Ålvundeid og Ålvundfjord nordafor Sunndalsøra.
Dialektane i Sunndal er alle nordmørsdialektar, med grunnleggjande målmerke som kløyvd infinitiv og austnorsk trykkplassering i ord som dialekt, til dømes. Alle dei ulike delane av kommunen har framleis visse særmerke som det vil føre for langt å gå inn på her.
[endre] Bygdamåla og tettstadmålet
Dei mest markante skilnadene finn ein mellom målet i tettstaden Sunndalsøra pluss bustadfelta på nærliggjande Grøa på den eine sida og målet i bygdene omkring, altså resten av kommunen på den andre. Tettstaddialekten er eit typisk "bymål" i den forstand at det er skjedd ei forenkling av systemet i dei nært beslekta bygdemåla. Eit døme på slik forenkling er bortfall av dativ. Tettstadmålet har au mista palataliseringa av konsonantane i midten av ord som å ligga, tenke(r) og spekemat. der bygdemåla har å liggja, tenkje(r) og spikkjemat. I infinitiv av verb som å tenkje har både tettstads- og bygdemåla bortfall av den svake endevokalen, slik at alle seier å tenk. Tettstaddialekten har dessutan former som tar og tatt i staden for tek og teke (uttala tikkje), men har likevel andre verbformer med omlyd, som kjem, søv, held og fer (presens av å fara). Der ein brukar infinitiv med éi staving, har tettstadmålet svak verbbøying, som i gi-gir-gitt, mens der infinitiven har fleire stavingar har ein sterk bøying, som i fara-fer-fare (uttala omlag /færra-fær-forre/) eller flyge-flyg-floge (uttala omlag /flyg'-flyg-fløgge/). Dette skiljet er typisk for mange bymål, og finst i nokon mon i mange av bygdemåla òg, men ikkje så konsekvent.
[endre] Skolemålet
Sunndalsøra-dialekten ligg heilt klart nærmare nynorsk enn bokmål, sjølv om opplæringsmålet i tettstaden er bokmål. Dette har kulturelt-psykologiske meir enn reelt språklege årsaker. I bygdekretsane har dei nynorsk opplæringsmål. I to av nynorskkretsane, Løykja (Grøa) og Gjøra, vart det halde folkeavstemming om målform i barneskolen 30. mai 2006, etter krav frå bokmålsforkjemparar. Men bokmål vann ikkje nokon av desse avstemmingane. Kommunestyret i Sunndal stadfesta 21. juni 2006 at målforma i begge desse kretsane framleis skal vera nynorsk.
[endre] Gammal sunndaling
Eit interessant fenomen er det opphavlege sunndalsmålet i sjølve Sunndalen, som ein no for tida finn att eit stykke oppi dalen. Der seier dei mellom anna i for eg og au for òg, mens ein i resten av kommunen seier e for eg og å for òg. Dette kan ha med samkvem frå gammalt over fjellet til Lesja i Gudbrandsdalen og Eikesdalen i Romsdal å gjera, kan hende.