Sykkylven
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1528 |
Fylke: | Møre og Romsdal |
Administrasjonssenter: | Sykkylven |
Flatevidd: | 337 km² |
Folketal: | 7 421 (2006) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.sykkylven.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Jan Kåre Aurdal (Krf) 2003–2007 |
Sykkylven er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grenser til Stordal og Stranda i aust og til Ørsta i sørvest. I nord ligg Storfjorden med Ålesund, Skodje og Ørskog på andre sida. Om lag 3/4 av folket i kommunen bur langsmed den åtte kilometer lange Sykkylvsfjorden, ein sidefjord av Storfjorden.
Namnet Sykkylven er truleg eit gamalt fjordnamn. Sistelekken -ylven tyder truleg ‘lågt fuktig lende’, medan fyrstelekken anten kan kome av ‘sekk’ (jf. det faktum at det er tale om ein sekkefjord) eller av ‘stilleståande eller langsamt rennande vatn’, evt. ‘lita vik’ (jf. skrivemåten Síkiflir).
Sykkylven er ei fin bygd for fjellturar. Der er mange høve til gåturar og til skiturar, t.d. på Fjellsætra der det er skianlegg for alpint (Sunnmørsalpane skiarena) og for langrenn. Dei høgaste tindane, t.d. Råna (1586 m. over havet), eignar seg for fjellklatring.
I kulturlivet merkar Sykkylven seg ut med eit rikt musikkliv.
[endre] Næringsgrunnlag
Hovudnæringa i Sykkylven er industri, med hovudvekt på møbelindustri. Dei mest kjende fabrikkane er Ekornes, Hjellegjerde og Brunstad.
[endre] Kjende folk frå Sykkylven kommune
- Edvard Drabløs (1883–1976), skodespelar.
- Jens Petter Ekornes, tidl. konsernsjef.
- Jens E. Ekornes (1908–1976), møbelfabrikant.
- Ingmar Relling (1920–2002), møbeldesigner.
- Henrik Straumsheim,(1893–1975), diktar.
- Rolf Sagen, forfattar.
- Jostein Fet, litteraturforskar og fagbokforfattar.
- Martin Ystenes, professor.[1]
- Arnold Weiberg-Aurdal, fødd 1925, tidl. stortingsrepresentant, ordførar og forfattar.
- Marie Aase (1894–1991), sjukepleiar og politikar.
- Nicolay Grevstad (1851–1940), norsk-amerikansk jurist, pressemann, politikar og diplomat.
|
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |