Venceslaus Ulricus Hammershaimb
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Venceslaus Ulricus Hammershaimb (25. mars 1819–8. april 1909), òg kjend som V. U. Hammershaimb eller Venzel Hammershaimb, var ein færøysk prest og filolog. Hammershaimb vert rekna som grunnleggjar av det noverande færøyske skriftspråket. Slik kan han liknast med Ivar Aasen.
Hammershaimb er av tysk ætt på farssida, men vaks opp på Færøyane og kjende seg som færøying. Han vart utdanna som teolog i København der han vart kjend med den danske presten og filosofen Grundtvig, men busette seg på Færøyane i 1855, der han var prest på Streymoy. Heile tida interesserta han seg for, og studerte, dei ulike dialektane av morsmålet sitt, færøysk. Han vart prost på Færøyane i 1867, og var på Lagtinget i tre periodar. Han budde med kona i Danmark frå 1878 til han døydde i København i 1909.
Innhaldsliste |
[endre] Lingvistisk arbeid
I 1846 ga Hammershaimb ut ei bok om færøisk ortographie eller rettskriving. Denne boka har vore gjeldane for færøyisk språkføring opp til vår tid. Skriftspråket la han sterkt opp til det norrøne utgangspunktet. Til slutt vart det eit kompromiss, som er akseptabelt for alle dei færøyske dialektane. I tillegg ligg ikkje skriftspråket alt for fjernt frå gamle tekstar, og andre nordiske språk.
[endre] Verk
- 1852: Færøske Kvæder, København; 2. utgave, Færøyane 1969
- 1891: Færøsk Anthologi I. Tekst samt historisk og grammatisk Indledning, København; 2. utgave, Tórshavn 1969
[endre] Bakgrunnsstoff
- Hammershaimb.dk (Dansk side, en slektning av Hammershaimb)
[endre] Litteratur
- Gerson - H. Hansen: Dansk Biografisk Lexikon, Bd. IV, Gyldendalske Boghandels Forlag, København 1892 [1], Artikkel om Hammershaimb: http://www.lysator.liu.se/runeberg/dbl/6/0550.html
- W.B. Lockwood: An Introduction to Modern Faroese, Føroya Skúlabókagrunnur, Tórshavn 1977 (Einleitung), 4. Auflage 2002 [2]
- Eyðun Andreassen: Faroese Ballads and the Faroese Ballad Dance. A Bibliography: http://www.setur.fo/pdf/20020909152806.pdf
- Denne artikkelen var utvald og presentert som vekas artikkel på hovudsida i 2004.