Øyratinget
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øyratinget eller på bokmål Øretinget var eit tingsete i Nidaros (Trondheim), ved utløpet av Nidelva. Harald Hårfagre vart teken til konge her. Under Harald Hardråde fekk kongshylling på Øyratinget riksomfattande verknad. Frå 1204 måtte kongen sverje kongseida på skrinet til Heilag-Olav. Øyratinget vart flytt til Domkyrkjegarden.
[endre] De trønderske fylka
Dei fire inntrønderske fylka var
- Sparbyggjafylki - seinare Steinkjer og Snåsa.
- Eynafylki - seinare Beitstad, Inderøy og Verran.
- Verdølafylki - seinare Verdal.
- Skeynafylki - seinare Skogn, Ytterøy og Mosvik.
Dei fire utrønderske fylka var
- Stjørdølafylki - seinare Stjørdal, Meråker, Klæbu, Selbu og Tydal.
- Strindafylki - seinare Strinda, Leksvik, Frosta og Åsen.
- Gauldølafylki - heile Gauldal.
- Orkdølafylki - heile Orkla med Børsa, Skaun og Byneset.
Uttrøndarane sin tingstad var på Øyra (Øra) ved elveoset til Nidelelva ved garden Lade. Namnet Lade er avleia frå lasteplass, opplagsstad eller marknadsstad. Inntrøndarane heldt sitt tilsvarende ting ved Mære i Sparbu. Etter kvart vart denne samansluttinga utvida. Uttrøndarene og inntrøndarane slutta seg saman til eit lovsamband, og Øyratinget vart då sams for heile Trøndelag.
[endre] Kjelde
- Henry Røsoch, Trondheims historie, utgitt i 1939 av Trondheim kommune på F. Bruns Bokhandel forlag.