3. februar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
3. februar er den 34. dagen i den gregorianske kalenderen. Det er 361 dagar att av året (362 under skotår).
På den nordlege halvkula er dagen midtvegs i vinteren, om ein reknar at årstida har 88 dagar.
Innhaldsliste |
[endre] Merkedag
[endre] Nasjonaldagar og nasjonale ikkje-religiøse flaggdagar
[endre] Fast religiøs helgedag
(Helgedagar som følgjer måneåret i kristendommen (t.d. påske og pinse), jødedommen og islam er ikkje medtekne her, ettersom desse fell på ulik gregoriansk dato frå år til år.)
[endre] Primstaven
- Blåsmesse etter den heilage Blasius. Merket for dagen var eit horn, ein bøygd kvist eller ein båt med vind i segla. Om det bles denne dagen, ville heile året bli vindfullt. Fiskarar og andre sjøfolk måtte ikkje nemna dagen med namn.
[endre] Namnedag
Noreg | Ansgar og Asgeir |
Sverige | Disa og Hjördis |
Danmark | Blasius |
[endre] Helgendag i den katolske kyrkja
- den heilage Ansgar
- den heilage Blasius
[endre] Hendingar
[endre] Utlandet
- 1488: Portugisaren Bartholomeu Diaz går i land etter å ha runda Kapp det gode håp. Han blir den første europearen som reiser så langt sør.
- 1815: Verdas første ostefabrikk blir grunnlagt i Sveits. Tidlegare hadde ein laga ost lokalt på små gardar.
- 1867: Prins Mutshuhito blir keisar Meiji av Japan.
- 1931: Eit jordskjelv på New Zealand drep 258 menneske, noe som gjer det til den verste naturkatastrofen i landet nokon sinne.
[endre] Noreg
[endre] Fødde
- 1721: Friedrich Wilhelm von Seydlitz, prøyssisk general
- 1809: Jacob Ludvig Felix Mendelssohn, tysk komponist av jødisk opphav.
- 1848: Jørgen Løvland, norsk politikar
- 1874: Gertrude Stein, amerikansk forfattar
- 1887: Georg Trakl, austerriksk diktar
- 1893: Gaston Julia, fransk matematikar
- 1894: Norman Rockwell, amerikansk målar og illustratør
- 1898: Alvar Aalto, finsk arkitekt
- 1907: James Michener, amerikansk forfattar
- 1909: Simone Weil, fransk filosof
- 1915: Henki Kolstad, norsk skodespelar
- 1930: Gillian Ayres, britisk målar
[endre] Døde
- 863: Den heilage Blasius
- 1014: Svein Otto Haraldsson (Svend Tveskæg), konge av Danmark
- 1468: Johann Gutenberg, tysk forleggjar og oppfinnar av den vestlege boktrykkarkunsta
- 1924: Woodrow Wilson, amerikansk president
- 1956: Émile Borel, fransk matematikar, politikar, statsmann motstandsmann
- 1959: Dei amerikanske musikarane Buddy Holly, Ritchie Valens og Jiles «The Big Bopper» Richardson, i ei flyulykke
- 1960: Fred Buscaglione, italiansk songar og skodespiller
- 1964: Albert Richardson, engelsk arkitekt
- 2005: Zurab Zhvania, statsminister i Georgia
- 2005: Corrado Cardinal Bafile, den eldste kardinalen nokonsinne