Andenød
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andenød eller andenaud, medisinsk term dyspné, er ein tilstand der pasienten har tung pust. Andenød kan vera akutt eller kronisk og kan vera symptom på ei rekkje ulike medisinske tilstandar, inkludert blokkering av luftvegane, luftvegssjukdommar (t.d. astma og bronkitt), hjartesjukdommar og blodmangel. Opplevd andenød kan òg henge saman med hyperventilering, ein akutt tilstand som ofte er utløyst av angst.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |