Atmosfære
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Atmosfære er det generelle namnet på eit lag med gass som kan ligge rundt ein lekam med stor nok masse. Gassane er tiltrekt av tyngdekrafta til lekamet, og halde fast viss tyngdekrafta er stor nok og atmosfæretemperaturen er låg. Noen planetar består hovudsakleg av diverse gassar, og har dermed svært djupe atmosfærar (sjå gasskjempe).
Jorda, Venus, Mars, Pluto og to av månane til dei ytre planetane (saturnmånen Titan og neptunmånen Triton) har atmosfærar. I tillegg er kjempeplanetane i det ytre solsystemet (Jupiter, Saturn, Uranus og Neptun) hovudsakleg samansett av gassar. Andre lekamar i solsystemet har ekstremt tynne atmosfærar: Månen (natriumgass), Merkur (natriumgass), jupitermånen Europa (oksygen) og jupitermånen Io (svovel).
Jordatmosfæren er ein særskild atmosfære fordi han inneheld gassar skapt av livet på jorda; samstundes gjer han det mogleg for liv å vera til her.
Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over astronomispirer. |