Baseball
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Baseball er ein sport som særleg er populær i USA og Aust-Asia, og som vert spela av to lag som skiftar på å vere i angrep og forsvar. Prinsippet i spelet er at slagmenn frå det angripande laget prøvar å slå ein ball som er kasta frå «pitcheren» til forsvarslaget, og deretter springe innom tre basar før han når heimebasen att. Det er kun ved å springe ei komplett runde rundt basane poeng kan scorast. Dei totalt ni omgongane, der kvart av laga er éin gong kvar i angrep, vert kalla «innings». Det vert kravd tre «outs» for at laga skal bytte side. Ved uavgjort resultat etter ni innings held kampen fram ved å spele ekstra innings til eit av laga har scora poeng, og dermed vunne kampen.
Banen tek utgangspunkt i ein 90 graders vinkel med eit gjerde (home run-gjerde i ein boge mellom aksane). Vidare er den delt inn i «infield» (the diamond), med springebane, «pitcher's mound», og dei fire basane, og «outfield».
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Ein meiner at baseball stammar frå cricket eller liknande balltre-og-ball-spel. Dei fyrste nedteikningane stammar frå 1791 i Pittsfield, Massachusetts i USA, men profesjonell baseball slo fyrst gjennom i USA omkring 1865. I 1876 vvart National League grunnlagd, og i 1901 fylgde opprettinga av American League. Disse to ligaene eksisterer framleis, og under éitt vert dei kalla for Major League Baseball (MLB).
Baseball spelte ei sentral rolle i den amerikanske borgarrettsrørsla i 1947, då Jackie Robinson, som var mørkhuda, byrja å spele på laget Brooklyn Dodgers og dermed nedbraut den såkalla «fargebarrieren». Før dette hadde Major League vore kun for kvite, medan dei mrkhuda hadde sin eigen liga, Negro League.
På grunn av lønsstridar var det i løpet av 1970- og 1980-talet enkelte mindre streikar i dei profesjonelle rekkene, og det kulminerte i 1994 med avlysinga av den siste halvdelen av sesongen. Situasjonen vart fyrst løyst i byrjinga av 1995. Resultatet vart lågare tilskodartal på stadionane i ei årrekkje.
I det nye årtusenet har baseball vore forfylgt av rykte om ein utbreidd steroidebruk blant profesjonelle såvel som amatørar. Den pensjonerte baseballspelaren José Canseco ga ut ei bok der han påstod at steroidar var ein akseptert del av sporten, og han anga fleire av kollegaene sine. I 2002 vart det avslørt at firmaet BALCO hadde levert steroidar til fleire profesjonelle spelarar. Dette har ført til skjerpa dopingreglar, men baseball haltar stadig langt etter andre sportsgreiner på dette punktet.
[endre] Utstyr
[endre] Ballen
Ballen er laga av hardt lêr med ein kjerne av kork eller gummi (ofte begge). Den veg 142 gram og har ein omkrins på om lag 23 cm.
Det kvite lêrskalet et sydd saman av to delar. Saumen har ein anna farge enn kvit (ofte raud), sidan ein erfaren spelar brukar rotasjonen til stinga som ein indikator for kva skru som vert kasta. Ved å plassere fingrane på ulike måtar langs eller på tvers av stinga kan ein pitchar variere rørsla til ballen gjennom lufta.
[endre] Balltreet
Balltreet er rundt og laga av solid tre (ask eller platanlønn). I amatørrekkjer er det òg tillete å bruke lettare og meir haldbare balltre av aluminium.
Skaftet er tynnare enn sjølve hovudet på balltreet. På det tjukkaste kan balltreet vere maks 7 cm i diameter. Den maksimalt tilletne lengda er 106,7 cm.
[endre] Hansken
Ein baseballhanske er laga av lêr eller evt. av eit syntetisk materiale.
Baseballhanskar vert brukte av alle spelarane på det forsvarande laget (utelaget) som hjelp til å gripe ballen. Pitcheren brukar sin hanske til å skjule måten han held på ballen på, så batteren ikkje kan sjå kva skru som blir bruka.
Dei ulike posisjonane på banen har ulike typar handskar. Catcharen sin handske er t.d. stor og heilt rund, medan andre basemann har ein liten og lett hanske.
[endre] Anna
Fyrste, andre og tredje base er solide lerretssekkar forma som kvadrat med sidelengda 38 cm. Home plate er laga av gummi og forma som ein femkant. Den er 43 cm brei.
Catcheren har eit breitt utval av verneutstyr på, sidan han er særleg utsett for kast frå pitcheren som ikkje hamnar der dei skal. Dessutan er han somme gonger utsett for valdsame samanstøt med løparar som prøvar å kome seg til home plate. Hjelm, visir, brystbeskyttar samt leggbeskyttarar er standard.
Batteren må òg ha hjelm på for å ikkje verte treft i hovudet av ballen.
[endre] Norsk baseball
I Norge vert det spelt det kampar i to divisjonar, organisert av Norges soft- og baseballforbund.