Brønnøysund
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brønnøysund er ein by i Brønnøy kommune i Nordland.
Byen har om lag 5000 innbyggjarar og fekk bystatus i 2000. Tettstaden vart likevel ladestad allereie i 1923, og hadde då ein byliknande busetnad. Rett utanfor og frå Brønnøysund kan du sjå Torghatten som er eit kjent landemerke i Nordland.
Hurtigruta stoppar i byen to gonger om dagen, sørgåande om ettermiddagen og nordgåande rett over midnatt. Brønnøy kyrkje som står i Sørbyen vart innvia i 1870, men den fyrste kyrkja vart bygd så tidleg som på slutten av 1100-talet.
Byen er mest kjend bland nordmenn flest for Brønnøysundregistra.
Den 6. mars 1995 la Brønnøysunds Avis som fyrste avis i Noreg ut nyhendestoff på internett.