Britisk India
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Britisk India er ei nemning på Storbritannia sitt tidlegare kolonivelde på det indiske subkontinentet. Gjennom ei avgjerd i det britiske parlamentet den 2. august 1858 vart Britisk India formelt skipa, og lagd inn under den britiska krona. Avgjerda fekk verknad frå 1. november same år. Før dette hadde forvaltinga av dei britiske områda vore sett ut til det britiske austindiske kompaniet. Den britiske koloniadministrasjonen vart gjerne kalla British Raj, og området vart etter kvart sagt å vera juvelen i krona til det britiske imperiet. Britisk India vart løyst opp i tida etter andre verdskrig, då området vart delt opp i ei rad sjølvstendige statar.
[endre] Geografi
Britisk India omfatta det som i dag er India, Pakistan, Bangladesh og Myanmar (Burma). Ceylon (Sri Lanka) var òg britisk koloni, men ikkje del av britisk India. Nepal i nord var i namnet ein sjølvstendig stat, men britane hadde sterk innverknad på styringa. Sikkim var eit britisk protektorat.
Delar av området vart utgjort av vasallstatar. Elles vart området delt inn i provinsar (sjå under historie).
[endre] Historie
Sjå òg Provinsar i Britisk India
- 18. februar 1665: Portugal avstod Bombay til britane.
- 1690 Britane grunnla Calcutta.
- 12. august 1765: Britiske Austindiske Kompaniet tok over den politiska makta i Bengal.
- 20. oktober 1774: Alle omr¨åda til det austindiske kompaniet vart lagd under same forvaltning.
- 29. mars 1858: Den siste stormogulen vart avsett.
- 2. august 1858: Britisk India erstatta det britiske austindiske kompaniet som forvaltar av dei britiske intresse i India gjennom lova Act for the better government of India.
- 28. april 1876: Dronning Victoria av Storbritannia vart utropa til keisarinne av India.
- 15. august 1947: Britisk India og underliggjande indiske statar vart delt opp i to, India og Pakistan. I tillegg kom Burma og Ceylon (Sri Lanka)
- 22. juni 1948: Den britiske krona proklamerte at tittelen keisar av India vart avskaffa frå og med 15. august 1947.
- 26. januar 1950: Det sjølvstendige India si nye grunnlov vart verksam. Britisk India vart avskaffa. India vart ein republikk og medlem i det britiske samveldet.
- 26. mars 1971: Bangladesh vart eigen stat skild frå Pakistan.
[endre] Sjå òg
- Portugisisk kolonialisme og handel i India
- Sir Francis Edward Younghusband
- Mountstuart Elphinstone
- Lokmanya Tilak
- Sir Salar Jung
- Austindiske kompaniet
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |