Burkina Faso
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Unité, Progrès, Justice (Fransk: Samhald, framsteg, rettferd) | |||||
Offisielle språk | Fransk | ||||
Hovudstad | Ouagadougou | ||||
Styresett |
Parlamentarisme Blaise Compaoré Paramanga Ernest Yonli |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
274 200 km² (72.) 0,1 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (2003) - Tettleik |
13 925 313 (63.) 13 228 460 51/km² (119.) |
||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Frankrike 5. august 1960 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
16,9161 mrd. USD (115.) 1,326 USD (170.) |
||||
Valuta | CFA-franc | ||||
Tidssone | UTC | ||||
Nasjonalsong | Une Seule Nuit | ||||
Nasjonaldag | 4. august | ||||
Internasjonal telefonkode | +226 | ||||
Nasjonale toppdomene | .bf | ||||
1 Estimat gjort av Det internasjonale valutafondet (IMF) i april 2005 |
Burkina Faso er eit land i Vest-Afrika, med naboland på alle sider. Det grensar til Mali, Benin, Niger, Togo, Ghana og Elfenbeinskysten. Landet heitte frå og med kolonitida fram til 4. august 1984 Øvre Volta, då president Thomas Sankara omdøypte landet til Burkina Faso. Det tyder «landet av rettskafne folk» på mossi og douala, dei to viktigaste språka i landet.
Hovudstaden er Ouagadougou (uttalast wagadougou), på folkemunne kjent som Ouaga (wagá). Innbyggjarane kallar seg burkinabé.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Området vart kolonisert av Frankrike i 1890-åra, då dei sigra over mossiane. Det vart fyrst administrert som ein del av Elfenbeinskysten, men i 1919 vart det utskilt som ein eigen koloni. Denne statusen vart fjerna seinare, men i 1947 vart det igjen ein egen koloni, med namnet Øvre Volta.
Landet vart sjølvstyrt i 1958, og heilt sjølvstendig i 1960. Det fyrste av fleire militærkupp fann stad i 1966. I 1978 fekk landet igjen sivilt styre, som varte til 1980. Då leia Saye Zerbo eit nytt militærkupp, og sat med makta til det neste kuppet i 1982. I 1983 sto blant anna den noverande presidenten, Blaise Compaoré, bak et kupp leia av Thomas Sankara, ein kaptein i hæren. 15. oktober 1987 vart Sankara myrda i eit kupp leia av Blaise Compaoré.
I 1985 var landet i ein kortvarig krig med Mali. Burkina Faso utførte ei folketeljing, og enkelte flyktningeleirar innanfor den maliske grensa vart besøkt av teljarane. Dette vart teke ille opp, og 25. desember 1985 braut det ut krig mellom dei to landa. Den varte berre fem dagar, og kosta omkring 100 menneske livet; de fleste var sivile som vart drepne då eit malisk fly bomba markedet i Ouahigouya.
[endre] Geografi
Størstedelen av landet er bølgjande sletteland med isolerte åsar her og der, restar etter eit
prekambrisk fjellmassiv. Sørvest i landet finst eit sandsteinmassiv med bratte klippeveggar på opptil 150 meter. Den høgaste toppen i landet, Ténakourou på 749 meter, ligg her.
Tre elver renn gjennom landet. Dei blei tidlegare kalla Svarte, Kvite og Raude Volta, og var opphav til det tidlegare landsnamnet Øvre Volta. I dag heiter elvene Mouhoun, Nakambé og Nazinon. Bare Mouhoun og ei anna elv, Comoé, er vassførande året rundt. Vassmangel er eit vanleg problem, særleg nord i landet.
[endre] Provinsar
Burkina Faso er delt inn i 45 provinsar:
Balé, Bam, Banwa, Bazega, Bougouriba, Boulgou, Boulkiemde, Comoe, Ganzourgou, Gnagna, Gourma, Houet, Ioba, Kadiogo, Kenedougou, Komondjari, Kompienga, Kossi, Koulpelogo, Kouritenga, Kourweogo, Leraba, Loroum, Mouhoun, Namentenga, Nahouri, Nayala, Noumbiel, Oubritenga, Oudalan, Passore, Poni, Sanguie, Sanmatenga, Seno, Sissili, Soum, Sourou, Tapoa, Tuy, Yagha, Yatenga, Ziro, Zondoma, Zoundweogo
[endre] Eksterne lenker
- Burkina Faso:Historie (kun på fransk)
- Burkina Faso:Foto
- OuagaNet.com: Ein nettportal på engelsk/fransk om Burkina Faso
Vest-Afrika |
Benin | Burkina Faso | Elfenbeinskysten | Gambia |Ghana | Guinea | Guinea-Bissau | Liberia | |