Bygdanytt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bygdanytt er ei lokalavis som kjem ut i Indre Arna i Bergen i Hordaland fylke. Avisa vart starta i 1951, og er den eldste av lokalavisene i bergensområdet, og kjem ut tysdag og fredag. Avisa har sitt nedslagsfelt i Osterøy kommune og Arna bydel i Bergen. Dekningsområdet er knytt saman av Osterøybrua, som opna i 1997.
Avisa er eigd av Bergens Tidende som kjøpte avisa i 2005.
Stadfest nettoopplag er 4 152 (2005). Ansvarleg redaktør er Hallvard Tysse (sidan 1984).