Carl Gustav Fleischer
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carl Gustav Fleischer var ein norsk offiser. Han var son av ein prest, og vart fødd i 1883 på Bjørnar prestegard i Nord-Trøndelag. Mora vart tidleg enke, og flytta til Trondheim der Carl Gustav vaks opp. Han døydde i 1942.
Han søkte seg til Krigsskulen der han gjekk ut som nest beste mann i 1905. Fleischer vart utnemnd til generalmajor og sjef for 6. divisjon i den norske hæren i 1939. Etter 9. april 1940 vart han øvstkommanderande for dei militære styrkane i Nord-Noreg. Fleischer er mest kjend for å ha leia gjenerobringa av Narvik den 28. april 1940 i slaget om Narvik. Han vart med dette den fyrste allierte general som vann over tyske styrkar i den andre verdskrigen. Då tyskarane gjekk til åtak på Nederland, Belgia og Frankrike 10. mai, vart den allierte hjelpa etter kvart trekt ut av Noreg. Narvik måtte oppgjevast. Dei attverande norske styrkane kapitulerte den 10. juni. Fleischer reiste til Storbritannia, der han vart sjef for Hærens overkommando. Fleischer kom i konflikt med mellom anna fleire politikarar. I 1942 vart han forbigått ved utnemninga av ny forsvarssjef. Fleischer fekk ordre om å reisa til Canada som sjef for den norske militærmisjonen. Stillinga vart av fleire skildra som overflødig. Kort tid etter at han kom til Canada tok han livet av seg.
[endre] Litteratur
- Hovland, Torkel: General Carl Gustav Fleischer: storhet og fall, Oslo 2000. ISBN 8203290973