Claudio Monteverdi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Claudio Monteverdi (15. mai 1567–29. november 1643) var ein italiensk komponist og er rekna som ein av dei største musikarane innan den eldre barokken.
Operaene hans, som L'Orfeo, Arianna og L'Incoronazione di Poppea, blir rekna som dei første viktige verka innan denne sjangeren. Monteverdi komponerte òg andre verk, men mange av desse er tapte.
Musikalsk tilhøyrde Monteverdi ein overgang mellom renessanse og barokk. Han fekk svært stor innverknad over utviklinga av opera og det tonale tonespråket, men etter sin død blei han stort sett gløymd. Han fekk ny merksemd då verka hans blei gjenoppdaga og gjevne ut på 1900-talet.