Collège de France
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Collège de France er ein sentral læreinstitusjon i Paris i Frankrike oppretta i 1530 av Kong Frans I for å gje ei open og fri undervisning i tre felt som Universitetet i Paris ikkje brydde seg om: hebraisk, gresk og matematikk.
Professorane ved Collège de France omfattar i våre dagar leiande forskarar på mange ulike felt. Målet for institusjonen er både å vere framtredande innan forsking og å formidle ny kunnskap til ålmenta. Førelesingane er såleis opne for alle og kvar professor må alltid førelese i eit nytt tema. Dermed tryggar ein at det alltid er aktive forskarar som held stillingane. Alle lærestolane er personlege utnemningar og samansetjinga av tema vil såleis kunne variere frå tidsperiode til tidsperiode. Collège de France held verken eksamen eller gjev vitnemål.
[endre] Kjende tidlegare lærarar
- Émile Benveniste, lingvist
- Henri Bergson, filosof
- Claude Bernard, fysiolog
- Pierre Bourdieu, sosiolog
- Lucien Febvre, historikar
- Michel Foucault, filosof
- Frédéric Joliot-Curie, fysikar
- André Leroi-Gourhan, arkeolog
- Claude Lévi-Strauss, sosialantropolog
- Gabriel Tarde, filosof og sosiolog
[endre] Kjende noverande lærarar
- Jacques Bouveresse, språkfilosof
- Jean-Pierre Changeaux, nevrolog
- Philippe Descola, sosialantropolog
- Ian Hacking, vitskapshistorikar