Det nigerianske riksvåpenet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det nigerianske riksvåpenet er eit svart skjold med to bølgjande kvite striper som går saman i ei Y-form. Desse symboliserer dei to store elvne som renn gjennom landet: Benue og Niger.
To kvite hestar steiler på kvar side av skjoldet. Desse står for sjølvverd. Den brune ørna over skjoldet står for fred.
Skjoldet er plassert på grønt gras med gule blomar. Eit banner viser fram orda Unity and faith — 'samhald og tru'.