Duarte Lobo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Duarte Lobo (ca 1565—24. september 1646) var ein portugisisk komponist i seinrenessansen og den tidlege barokken. Han var den mest vidkjende portugisiske komponisten i si tid. Saman med Felipe de Megalhães, Manuel Cardoso og kong João IV av Portugal er han rekna som ein representant for «gullalderen» i portugisisk polyfoni.
[endre] Liv
Lite er kjent om livet åt Duarte Lobo. Han vart fødd i Alcáçovas kring 1565 og vi veit at han studerte med Manuel Mendes i Évora. Den første stillinga hans var som maestro de capilla i domkyrkja i Évora; og i 1594 veit vi at han var maestro de capilla i domkyrkja i Lisboa. Han underviste òg i musikk ved Colégio da Claustra da Sé i Lisboa, og i eldre år veit vi at han var rektor for eit seminarium i same byen.
[endre] Verk
Sjølv om Lobo kronologisk sett levde langt inn i barokken, var han som komponist tydeleg forankra i seinrenessansens palestrinastil gjennom heile livet sitt — som ventande i eit musikalsk konservativt området som var isolert frå dei progressive musikkrørslene i land som Italia og Tyskland. Han gav ut seks bøker med katolsk kyrkjemusikk, inkludert messer, responsorium, antifonar, magnificatar og motettar.