Edvard Munch
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edvard Munch (12. desember 1863–23. januar 1944) var ein norsk kunstmålar, grafikar og ein av dei tidlege representantane for ekspresjonismen. Han vart fødd på Løten i Hedmark fylke. Hans intense og stemningsfulle måte å skildra psykisk liding på hadde mykje innverknad på utviklinga av tysk ekspresjonisme i det tidleg på 1900-talet. Det mest kjende måleriet hans er truleg Skrik.
[endre] Uttale av namnet Munch
Engelskspråklege uttalar iblant namnet med ein tsj-lyd til slutt, som i det engelske ordet munch. Dei fleste nordmenn uttalar Munch i samsvar med dialekten sin, som oftast med o-lyd som i ordet munk. Våren 2005 oppstod det ein kontrovers da NRK endra si uttale av namnet til spiss u-lyd, som i ordet munn. Endringa var eit resultat av trugsmål frå Arne Munch-Ellingsen, som ville nekta NRK å bruke namnet i sine sendingar om ikkje NRK uttalte namnet med u i alle sine sendingar. Arne Munch-Ellingsen representerer Munch-Ellingsen familien som eig rettane til Munchs bilete saman med Munch museet. Det er delte meiningar om korleis Munch sjølv uttalte namnet sitt.
[endre] På verdsveven
- Sjølvportrett
- Om Skrik og andre av Munch sine bilete
- Oversyn over galleri og musé med Munch-bilete
- Munch-museet
- Edvard Munch i Nasjonalgalleriet
- Stenersen-museet
- Galleri Munch – Spesialgalleri for Edvard Munch sin grafikk
- Blomqvist Kunsthandel – Munch ekspertar
- Løten kommune – Edvard Munch sin fødestad
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |