Erlend Loe
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erlend Loe (f. 24. mai 1969) er ein norsk forfattar (fødd i Trondheim) som har skrive ei rad bøker, både for vaksne og barn. Han bur i Oslo, der han arbeider som konsulent i Norsk filmfond. Han har studert folkeminnevitskap, filmvitskap og litteraturvitskap. I tillegg har han gått på manuskriptlinja på Den Danske Filmskolen. Hausten 1998 var han med på å starta Screenwriters Oslo, som er eit kontorfellesskap for manusforfattarar.
Han debuterte i 1993 med boka Tatt av Kvinnen og kom året etter ut med barneboka Fisken om truckføraren Kurt. Loe har ein spesiell skrivestil som ofte vert karakterisert som naivisme. Loe nyttar ofte virkemiddel som ironi, overdriving og humor. Hovudpersonane i bøkene er ofte litt rare personar med særeigne tankar om livet.
[endre] Verkliste
- Tatt av kvinnen (1993)
- Fisken (1994)
- Maria & José (1994)
- Kurt blir grusom (1995)
- Den store røde hunden (1996)
- Naiv. Super (1996)
- Kurt quo vadis? (1998)
- L (1999)
- Jotunheimen, bill.mrk. 2469 (2001)
- Fakta om Finland (2001)
- Doppler (2004)
- Volvo lastvagner (2005)
Han har òg omsett ymse bøker til norsk.