Esperanto
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Esperanto er det mest kjende og utbreidde internasjonale planspråket i dag.
Språkprosjektet, som er grunnlaget for esperanto, vart laga av jødiske Ludowik Lazar Zamenhof frå byen Białystok (i det som no er Polen) og vart lagt fram i 1887.
Innhaldsliste |
[endre] Bakgrunn
Zamenhof var ikkje lingvist av yrke, men han hadde vakse opp i eit særs ueinsarta språkmiljø og opplevd språkproblem på nært hald heile livet. Bjałystok hadde vore ein del av Det preussiske riket fram til byen vart russisk på 1800-talet. (Området høyrer no til Polen.) Innbyggjarane snakka polsk, russisk, kviterussisk, tysk og jiddisch om einannan.
Intensjonen med esperanto var at det skulle bli eit felles hjelpespråk, som alle kunne læra seg i tilegg til morsmålet, for å kunna kommunisera med folk med andre morsmål. Språket har overlevd med uforandra grunnstruktur fram til i dag, men sjølvsagt med mange nyord som eitkvart anna språk.
[endre] Esperanto i dag
Høyr |
«Fader vår» lesen på esperanto |
Esperanto har tilhengjarar over heile verda; ingen veit kor mange som kan snakka det. Ordforrådet i esperanto byggjer hovudsakeleg på romanske språk med visse germanske og slaviske innslag, med enkle reglar for å setja saman for- og etterstavingar til nye ord. Grammatikken er gjennomført regelrett og langt meir lettlært enn i sokalla «naturlege» språk. Uttalen er grei: Éin bokstav – éin lyd; trykket alltid på nest siste staving.
I løpet av dei litt over hundre åra språket har eksistert, har det aldri "slått igjennom" som verdsspråk, sjølv om det vert brukt dagleg både av fleirspråklege familiar og på internasjonale treff, og ikkje minst på Internett.
Det er skrive mykje originallitteratur på esperanto, og språket vert brukt som arbeidsspråk av mange organisasjonar (for det meste organisasjonar som har med esperanto å gjera). Mange einskildpersonar brukar språket for å knytta kontaktar over landegrensene og skaffa seg vener eller faglege samarbeidspartnerar i fjerne land. Mykje teaterkunst og musikk vert stadig skapt på esperanto, og ein kan trygt seia at esperanto har ein eigen kultur.
[endre] Bruk
Esperanto er eit språk til bruk i kommunikasjon mellom folk som har ulike morsmål. Det er lettare å læra enn andre språk, slik at det er større sjanse for at folk kan snakka på like fot med kvarandre. Til samanlikning har engelskspråklege eit stort fortrinn når det skal snakkast engelsk i internasjonale samanhengar. Den som forhandlar på framandspråket engelsk med folk som har engelsk som morsmål, har eit problem.
Esperanto er meint å vera meir rettvist i slike samanhengar, ved at ingen skal eiga det meir enn andre (difor møter me av og til omgrepet «nøytralt språk»). Det at det er så lett å læra som det er, gjer også at det er fleire som kan læra esperanto bra nok til å føra gode samtalar enn tilfellet er med andre framandspråk. Dette styrkjer kontakten mellom vanlege «menn og kvinner i gata», utan å favorisera dei som er spesielt flinke i språk, eller dei som har spesielt god tid (og spesielt mykje pengar) til å læra seg framandspråk.
[endre] Grammatikken og ordtilfanget
Glosene i esperanto har stort sett latinske (om lag 60%) eller slaviske (om lag 30% av orda) røter. Alle ord som høyrer til same ordklasse, endar på same bokstav og vert bøygde likt, noko som gjer grammatikken relativt enkel.
Døme på gloser:
akvo (substantiv; endar difor på o) purpura (adjektiv; endar difor på a) fjordo (substantiv; endar difor på o)
[endre] Sjå òg
Ludowik Lazar Zamenhof ~ Antoni Grabowski