Florø
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Florø er administrasjonssenteret i Flora kommune i Sogn og Fjordane fylke.
Florø hadde bystatus frå 1860 etter utskiljinga frå Kinn kommune og fram til 1964 då byen vart slegen saman med kommunane Kinn, Bru og Eikefjord til bykommunen Flora. Florø vert likevel ofte omtala som Noregs vestlegaste by.
Næringslivet i Florø er eksportretta og hovednæringane er fiskeindustri, skipsbygging, forsyningsbase for oljeindustrien og servicenæring. Byen er stoppestad for Hurtigruta
Byen trekk folk mellom anna gjennom det årlege Kinnaspelet og ein rockefestival. Helleristingane i Ausevika og Kystmuseet gjev eit historisk perspektiv.
[endre] Utmerkingar
- 1998: Miljøbyprisen.