Forkasting
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Forkasting er ei brotlinje mellom geologiske lag. Me kan sjå forkastingar som detaljar i ein vegskjæring eller i store strukturar som Oslofjorden. Forkastinga oppstår når spenninga i jordskorpa blir så stor at delar av han får rørsler i høve til andre. Rørslene kan vera loddrette, vassrette eller på skrå immellom lodd- og vassrett.
Forkastingane kan skje langs meir eller mindre parallelle liner. Då kan området mellom linene bli liggande høgare eller lågare enn landet omkring. Det blir då kalla horst eller graben.
Denne geologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geologispirer. |