Frøy
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frøy (norrønt Freyr) er ein grødegud eller fruktbarhetsgud frå den norrøne gudelæra. Han er òg kjend under namnet Yngve eller Yngve-Frøy. I likskap med Odin og Tor var Frøy ein av hovudgudane i den norrøne gudeverda.
Frøy var opphavleg ein av vanane, og han vart gjeven til æsane som gissel etter krigen mellom æsar og vanar, saman med syster si, Frøya, og far deira, Njord. Snorre Sturlason fortel i Ynglingesoga at det var syster til Njord som var mor til Frøy og Frøya.
[endre] Historiar
Edda-kvadet Skírnismál fortel om Frøy si forelsking i og ekteskap med den motviljuge jotunkvinna Gerd. Gerd og Frøy fekk saman sonen Fjolne.
I Heimskringla av Snorre Sturlason, eller dei norske kongesogene, vert Yngve-Frøy skildra som stamfar til Ynglingeætta. Ynglingeætta var ei norsk kongsætt.
Ved Ragnarok vil Frøy vera ein av dei fyrste som fell, i kamp med jotna Surt.
[endre] Eigedelar
Frøy hadde eit sverd som kunne hogga av seg sjølv.
Han eigde eit skip med namnet Skidbladne eller Skibladner (Skíðblaðnir). Skipet vart bygd av dvergane Ivaldesønene. Skipet kunne segla like godt på land som på vatn.
Guden hadde to dyr, grisegalten Slidrugtanne (Slídhrugtanni) eller Gyllenbørste (Gullinborsti), og hesten Blodughofi ("med blodig hov").
Frøy hadde to tenarar, Byggvir og Bejla. Tenarane vert knytt til kornhausting.
[endre] Namnet Frøy
Namnet Frøy tyder herre. Namnet vert i Noreg nytta som førenamn, både som kvinnenamn og mannsnamn, og som del av andre namn, både stadnamn (og dermed etternamn) som Frøyland, og førenamn, som Frøydis.