Fugl
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fuglar er varmblodige, eggleggjande, landlevande virveldyr med karakteristiske fjør, vengjer og nebb. Det finst rundt 9.000 kjende nolevande fugleartar. Nyere forsking tyder på at fuglane slektar nært på den utdøydde dinosaurgruppa kalla velociraptor.
Ein ny fugle-taksonomi basert på dna revolusjonerer plasseringa av fugleartane: Sibley-Ahlquist taxonomy. Denne taksonomien vert ikkje nytta i denne stubben.
- Fuglar (Aves)
- Archaeopteryx utdøydd
- Euornithes (ekte fuglar)
- Neornithes (moderne fuglar)
- Strutsefuglar Struthioniformes
- Neornithes (moderne fuglar)
[...]
[endre] Karakteristikk
Vanlege karakteristikkar av fuglar inkluderer eit hardt nebb utan tenner, legging av egg med hardt skal, høgt stoffskifte, og eit lett, men sterkt skjelett. Dei fleste fuglar kan fly, sjølv om nokre artar, særleg på øyer, har mista denne evna. Dei største/tyngste fuglane som kan fly er svaner og stortrapper. Fuglar som ikkje kan fly inkluderer pingvinar, strutsen, kivier og dei utdødde artane geirfugl og dodo. Fuglar som ikkje kan fly blir lett trua av utrydding når menneske eller andre pattedyr inntar leveområda deira.
[endre] På verdsveven
- Fugler.net
- [www.fugler.no]
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |