Gemeinschaft
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gemeinschaft (tysk «fellesskap, samfunn») er i sosiologien ein av dei to kategoriane for menneskelege samhøve (den andre er Gesellschaft), introdusert av den tyske sosiologen Ferdinand Tönnies. Gemeinschaft vert prega av nære kjensleband mellom menneske, som ein gjerne finn i familien og bland vener. Tönnies menier at denne typen band òg er karakteristisk for såkalla «tradisjonelle samfunn», medan «moderne samfunn» jamt vert meir prega av Gesellschaft.