Gibraltar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonalt motto: Nulli Expugnabilis Hosti (latin: Erobra av ingen fiende) | |||||
Offisielt språk | Engelsk, i tillegg vert llanito tala | ||||
Hovudstad | (Gibraltar) | ||||
Koordinatar | 36° 07' N, 5° 21' W | ||||
Guvernør og øvstkommanderande | Sir Francis Richards | ||||
Sjefsminister | Peter Caruana | ||||
Flatevidd - Totalt - av dette vatn |
Rangering 192 6,5 km² - |
||||
Folketal - Total (2003) - per. km² |
Rangering 190 27,776 |
||||
Valuta | Gibraltar Pound (ISO 4217: GIP) | ||||
Tidssone | UTC + 1 | ||||
Nasjonalsong | Gibraltar Anthem | ||||
Nasjonalt toppnivådomene | .gi | ||||
Telefonkode | 350 (utanom i Spania) | ||||
[endre] |
Gibraltar er ein kronkoloni som høyrer til det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland. Gibraltar ligg sørvest i Europa og grensar til sørkysten av Spania. Grenselengda er 1,2 km. Kystlinja er 12 km. Høgaste punkt er 426 m, på kalksteinsfjellet som utgjer mestedelen av Gibraltar. Gibraltar ligg på ein strategisk stad. Gibraltarsundet er eit smalt havstykke over til Afrika. Stredet bind saman Atlanterhavet med Middelhavet.
Namnet Gibraltar kjem frå arabisk جبل الطارق Ġabal al-Ṭāriq, som tyder «Ṭāriq-fjellet» (oppkalla etter feltherren Ṭāriq ibn Ziyād). Tidlegare kalte fønikarane det Calpe, ei av søylene til Herkules. I dag er Gibraltar òg kjent som "Gib" eller "the Rock".
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Gibraltar vart overdrege til Storbritannia frå Spania i 1713 i høve til Utrechttraktata.
Formelt vart Gibraltar erklært britisk kronkoloni i 1830.
Der er halde to folkerøystingar, i 1967 og 2002, der gibraltararane hadde høve til å røysta om kva land Gibraltar skulle tilhøyra. Trass i stort spansk press røysta eit stort tal av folket på Gibraltar for framleis å vera under den britiske krona.
[endre] Folkesetnad
I juli 2004 hadde Gibraltar om lag 28.000 innbyggjarar frå fleire etniske grupper: Spanjolar, italienarar, engelskmenn, maltesarar, portugisarar, sefardiske jødar og andre. Dei fleste som bur på Gibraltar tilhøyrer den romersk-katolske kyrkja.
[endre] Styre
Gibraltar tilhøyrer det britiske samveldet som formelt vert representert av ein guvernør utpeika av den engelske krona.
Den praktiske lovgjevinga vert fastsett av eit lokalt råd. Rådet har 18 folkevalde medlemmer.