Grimkjell
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grimkjell var ein angelsaksisk bisp som livde på 1000-talet. Han var hirdbisp og rådgjevar hjå kong Olav den heilage. Saman med kongen var han med å skipa og sette kristenretten på Mostratinget i 1024 på Moster på Bømlo. Bisp Grimkjell var viktug i det å få gjort Olav til heilagmenne. Han vart sidst nemnd i 1046, då han skal ha vore til stadar under forliket millom Magnus den gode og Harald Hardråde.
[endre] Grimkjell som namn
Namnet Grimkjell er sett saman av Grim og Kjell. Det er svært få som bruker dette namnet i dag.