Guden Mars
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mars er namnet på ein romersk gud og har gitt namn til planeten Mars og mars månad. Opphavleg var han guden for grøde, fruktbarheit og kyr, men seinare vart han helst forbunden med krig. Mars har mykje til felles med den greske guden Ares. Hovudtempelet til Mars låg på Kapitolhøgda og vart delt med Jupiter og Quirinus.
Det er sagt at Mars var sonen til Juno og ein magisk blome, eller kanskje Jupiter sjølv. Bellona, den romerske krigsgudinna, skal ofte ha opptrådd på slagmarka saman med han, og er i ulike forteljingar kona, systera, dottera eller syskenbarnet hans. Nerio er òg nemnd som kona hans. Borna hans var Timor og Fuga, som svarar til Phobos og Deimos i gresk mytologi, og tvillingane Remus og Romulus, dei mytiske grunnleggjarane av Rom.
Mars vart ofte framstilt som ein krigar med hjelm i romersk kunst. Ulven og hakkespetten var via han.