Hans J. Wegner
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans J. Wegner (fødd 1914 i Tønder i Danmark) er ein dansk møbelsnekkar, møbelarkitekt og formgjevar.
Han tok fagbrev som møbelsnekkar i 1931, forsette utdanninga si ved Det Teknologiske institutt i Københamn og ved Kunst- og Håndverksskolen der han utdanna seg til arkitekt og tok eksamen i 1938.
I 1943 opna han sitt eige teiknekontor og der teikna han møblar for fleire danske møbeltilverkarar. Han formgav også sølvtøy, lampar og tapet, men det han er mest kjend for er stolane sine.
[endre] Nokre av Wegner-stolane
- 1944 Kina-stolen
- 1947 Påfuglestolen
- 1949 Den runde stol
- 1950 Y-stolen
- 1950 Teddybjørnstolen
- 1953 Jakkens hvile
- 1960 Pøllestolen (The Ox-chair)
- 1965 Armstol
- 1963 Skjellstolen
- 1978 Avisstolen
- 1986 Sirkelstolen
[endre] Prisar og premiar
- 1951 Lunningprisen
- 1957 The International Design award. New York, USA
- 1959 Royal Society of Arts, London, Storbritannia
- 1959 Citations of Merit ved Pratt Institute, New York, USA
- 1984 Riddar av Dannebrogordenen, Danmark
- 1995 Æresmedlem af Akademiet for de Skønne Kunster, Danmark
- 1997 Æresdoktorat ved The Royal College of Art i London, Storbritannia
- 1997 The 8th International Design Award, Osaka, Japan
[endre] Bakgrunnsstoff
- Jens Bernsen - Hans J. Wegner ISBN 87-87385-47-3 og ISBN 87-87385-54-6
- Danish-design.com
- Design Addict
- Scandinavian-design.com