Havøysund
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Havøysund er eit fiskevær på kysten av Vest-Finnmark. Staden er kommunesenter i Måsøy kommune og har omlag 1150 innbyggarar.
Den viktigaste næringsvegen er fiske. Havøysund ligg på Havøya og har hatt brusamband med fastlandet sidan 1989.
I 1944 vart all busetnad i Havøysund rasert av dei attendetrekkjande tyske troppane.
Norsk Hydro har bygd ein vindmøllepark på øya, og han har vorte eit landemerke for sjøfarande. Staden har sør- og nordgåande hurtigrutesamband om morgonen kvar dag.
[endre] Kjelder
- Havøysund henta frå Bokmålswikipedia 28. mai 2005.
- Havøysund henta frå Tysk Wikipedia 28. mai 2005.
- Aschehoug og Gyldendals Store norske leksikon
- Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune. 1. januar 2006.