Husøy i Senja
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For andre tydingar av Husøy, sjå fleirtydingsida Husøy
|
Husøy er ein tettstad i Lenvik kommune i Troms. Staden ligg på den vesle Husøya i Øyfjorden nord på Senja. Det er molo over Husøysundet til Senja, og fylkesveg derfrå til Riksveg 861.
Husa ligg tett på Husøy. Ein av grunnane for å leggje busetjinga der var å unngå rasfåre samstundes med at det gjev kort veg til fiskefelta. På 1950-talet flytte mange frå det vêrutsette Øyfjordvær som ligg litt lenger ute på andre sida av Øyfjorden til Husøy. Vêret tek hardt på Husøy òg, og ein del av hustaka er bardunerte for at vinden ikkje skal få rive dei av.
[endre] Kjelder
- Statistisk sentralbyrå: Tettstadar. Folkemengd og areal, etter kommune. 1. januar 2005.
- Kart frå SSB over tettstadgrenser i Troms.
- Om Husøy og Senja på nettsidene til NRK Norgesglasset.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |